Emil og Knut med gode prestasjonar i junior-NM
Postet av Gol IL - Langrenn den 13. Mar 2015

Junior-NM i Hommelvik vart ei god oppleving for løparane våre. Best gjekk det med Emil Intelhus Brøto. Med 12. plass på 10 km klassisk laurdag viste han at han er med i toppskiktet. Konkurransen i klassen er beinhard, så Junior-NM viste at han er på rett veg.
Knut Skrindo har etablert seg rundt dei 60 beste løparane i Noreg. Med plasseringane 59 og 69 (fri/klassisk) dokumenterte han den fine framgangen han har hatt i år. Det lovar godt for neste sesong. Etter mykje sjukdom viste også endeleg Jonas Køso Svarstad seg fram. På 15 km fri teknikk vart han nummer 87, og viste at han no er i klar framgang. Morten Rese og Tor-Magnus Skredegård var dei andre deltakarane frå Gol i årets NM.
Resultatside Junior-NM
Siste fra Gol IL - Langrenn
KLUBBRENN FRISTIL TIRSDAG 16.3 - AVLYST
12.03.2021
Barnas Skileker - Nå med bilder!
10.03.2021
Golcrossen 2021 vel gjennomført!
09.03.2021
KLUBBRENN SKICROSS 23.2 - FRI
19.02.2021
KLUBBRENN KLASSISK 2021
22.01.2021
GOL IL ARRANGERER LANGRENNSCROSS 6.MARS
22.01.2021